Torsdag 30.mars vart ein kjekk kveld på Grønskaret, då me inviterte bygdafolk til å høyra vidare på starten til bygdalaget; som på slutten av 1800-talet vart stifta Gjerstad samtalelag, så like etter; Gjerstad samtale- og leselag. Dette samtalelaget var i dåtidas auge særs radikale, og medlemma av styret var sterke leiarar som seinare hadde …
Torsdag 30.mars kl. 19.30- 21.30 vert det ein kulturell kveld på Grønskaret. Leiv Mæhle kjem tilbake for å ta opp tråden frå førre gong me hadde mimrekveld, og seier noko om starten på ungdomslaget. Denne gongen byter me ut puben med kaffi og matservering, og håpar du kjem for å ta ein prat med naboen, og mimra …
Me heldt årsmøte i bygdalaget på Grønskaret måndag 6.mars kl. 19.00. SAKLISTE: Opning Årsmelding Val Planar for 2017 Rekneskap Ymse Evt. andre innkomne saker må vera innmeldt til leiar Siri Beate Nordpoll Hella innan fredag 03.03.17 (kontakt leiar på tlf: 48035575). Me håpar flest mogeleg kjem på årsmøtet. Du treng ikkje vera medlem for å koma. Kom …
Ynskjer du å vera med å utvikla bygdalaget, tilbyr me årsmedlemsskap. Dette kostar kr.200,- Betal til kontonr: 3626.50.10339 Merk med ”Medlem 2017” + namnet ditt Sit du med gode idear og tankar om kva me kan arrangera? Me er interessert i å høyra desse! Send oss gjerne ein mail på post@heimdalbygdalag.no
Me vil gjerne invitera til ein pubkveld med litt nostalgi. Me har funne fram litt bilete og filmsnuttar frå arkivet, og Leiv Mæhle er med å fortelja om noko av historia til Heimdal Bygdalag, eller U.L. Heimdal som dei fleste hugsar det som. Arrangementet passar bra for deg som i ein eller anna samanheng har …
Velkomen til vår nettside. Her finn du informasjon om Heimdal Bygdalag, tidlegare Ungdomslaget Heimdal. Du vil også finne utleigeoversikt og prisar på dette, samt aktivitetskalendar. Me vil prøva å oppdatera små og store hendingar som føregår i laget- og håpar at du vil fylgja med oss!