20170330_214143

Vår eigen lokalhistorikar, Leiv Mæhle.

Torsdag 30.mars vart ein kjekk kveld på Grønskaret, då me inviterte bygdafolk til å høyra vidare på starten til bygdalaget; som  på slutten av 1800-talet vart stifta Gjerstad samtalelag, så like etter; Gjerstad samtale- og leselag. Dette samtalelaget var i dåtidas auge særs radikale, og medlemma av styret var sterke leiarar som seinare hadde karrierer mellom anna som lensmann, ordførar i kommunen og medlem av Stortinget under unionsoppløysinga i 1905. Leiv Mæhle fortalte som vanleg på ein levande og engasjerande måte, der han siterte mellom anna frå lagsbladet Heimdal, der skribenten utfordra sjølvaste Kyrkja!

Etter eit interessant innlegg, vart det servert mat, kaker og kaffi, og me gjennomførte to rundar med bingo. Etter å ha latt bingokulene stå lenge i kjellaren, var dette ein kjekk og nostalgisk aktivitet som me ser at må prøva oss på fleire gongar!

Me takkar så mykje for oppmøtet til dei som kom, og me ser fram til neste gong!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

20170330_20560820170330_21312420170330_20560420170330_205611