Heimdal Bygdalag si historie går over 120 år tilbake. Onsdag 5.mars 1890 blei det samla 20 menn i skulehuset på Vevle. Det var ynskje om å oppretta eit samtale- og leselag for Gjerstad sokn. Dette laget vart stifta denne dagen, og namnet blei Gjerstad Samtalelag.

12498765_10156648425415556_914111046_n

Utdrag frå det fyste møtereferatet, skrive i 1890.

I samband med det store hamskiftet på slutten av 1800-talet og gradvis oppløysing av standssamfunnet, blei det ein kultur for å få meir kunnskap, og diskutera samtidsspørsmål. Fleire lærte seg å lesa, og etter kvart vart det etablert folkebibliotek. Rundt om på bygdene samla det seg unge, lokale menn, og samtalelaga blei vanlege.

I den fyrste møteboka til Gjerstad samtalelag som vart skriven, står det:

«Gjerstads samtalelag har til formaal at arbeid for sunn borgelig opplysning fra kristendommen grund, at afprøve medlemmerne til mere selvtænk, færdighed i at udtrykke sine tanker og i det hele at virke for alt der kan gjøre dem til gode mennesker og nyttige borgere.»

 

Forsamlinga på skulehuset på Vevle bestemte at laget skulle styrast av fem medlemmer, og det vart avstemming om kven desse skulle vera. Det første styret blei:

Lærar O.Vevle (redaktør)

Sersjant M. Rongved (redaktør)

Sersjant A.Holsen

Gardsbrukar Johs. Vevle

Gardsbrukar Johs. Rongved

Kring 1898 kom samtalelaget inn i ein vanskeleg periode. Fire år før vart ungdomslaget på Solbjørg skipa, og lærarane på Seljerind, som hadde vore aktive i Gjerstad samtalelag, vart flytta over til Solbjørg. Rundt 1902 var gråperioden over, og laget var aktivt fram til fyrste verdskrig starta i 1914.

Rundt denne perioden endra laget namnet til Ungdomslaget Heimdal, eller U.L. Heimdal.

I 1932 vart lagshuset til ungdomslaget Heimdal bygd, og fekk namnet Samhall. Dette vart eit viktig samlingspunkt for bygdene rundt, og huset vart brukt til mange, ulike arrangement i regi av ungdomslaget.

Huset

Bygdahuset til Heimdal ligg fint til på Hartveitåsen,

Sumaren 1980 brann ungdomshuset ned. Men etter enorm dugnadsarbeid frå bygdafolket, sto eit nytt hus klart i 1982, fortsatt med namnet Samhall. Det står der enno, og er jamleg brukt til forsamlingshus i private og andre arrangement.

I 2014 trakk Ungdomslaget Heimdal seg ut av Noregs Ungdomslag, og endra namn til Heimdal Bygdalag.